Search for events

Dialektfestivalen 2025 vert opna av fylkesordførar Jon Askeland. Deretter vert det konsert med Djønne & Børsheim. Kvelden vert avslutta med gamaldans i samarbeid med Kvam Trekkspelklubb og Gamaldansen i Kvam.

Språket er ein viktig berebjelke i den personlege identiteten vår, seier Arve Thorvik. Han har sett og røynt motet som trengst når ein vil halda fast ved identiteten sin og bruka minoritetsspråket sitt i møte med urban og global kultur.

Samla billett for alle faglege foredrag på dialektfestivalen laurdag 27. sept. 2025

Frå Republikken Sør-Afrika til Mundheim
Eit personleg møte med det fleirspråklege og fleirkulturelle
Sarifa Moola-Nernæs vil dela røynsler frå den kulturelle og språklege reisa ho har vore med på gjennom livet sitt.

Knoting – språkleg svik eller naturleg dialektendring?
Noreg er kjent for å vera eit land med stor toleranse for bruk av dialektar, også i formelle samanhengar, og det finst ikkje eit offisielt standardtalemål.

«Mellom ordbøker, smileyar og kunstig intelligens»,
foredrag ved Margunn Rauset.
Her vil ho ta for seg kva rolle ordbøker speler når somme skriv på dialekt og kommuniserer med smilefjes og symbol, medan andre nyttar KI og annan teknologi når dei skriv.