Språkleg mot og språkleg identitet

Språket er ein viktig berebjelke i den personlege identiteten vår, seier Arve Thorvik. Han har sett og røynt motet som trengst når ein vil halda fast ved identiteten sin og bruka minoritetsspråket sitt i møte med urban og global kultur.

page view image
Event date

Saturday 27 Sep 2025 13:00

Ends Saturday 27 Sep 2025 13:45
order

Available items

ticket item
Vanleg
Foredragshaldaren er også oppteken av at folk må ha eit eigarforhold til det nynorske skriftspråket, ikkje berre dialekten sin. I tillegg har han synspunkt på kva som må til for at nynorsk skal overleva som språk.
event image

Event information

Kvemmingen Arve Thorvik er utdanna statsvitar og har arbeidd med politikk og diplomati i den norske utanrikstenesta. I tillegg har han hatt leiande jobbar i det private næringslivet, mellom anna som direktør i NHO og tidlegare Statoil. Dei siste åra før han gjekk av med pensjon, dreiv han sitt eige konsulentselskap i Brussel. Thorvik er framleis ein svært engasjert samfunnsdebattant og høgt skatta foredragshaldar.

Tags

strandebarm
dialekt
fosse
fossehuset
nynorsk
thorvik
mot
Organizer
Fossehuset