page view image

Ei språkleg reise frå Sør-Afrika til Mundheim

Frå Republikken Sør-Afrika til Mundheim
Eit personleg møte med det fleirspråklege og fleirkulturelle
Sarifa Moola-Nernæs vil dela røynsler frå den kulturelle og språklege reisa ho har vore med på gjennom livet sitt.

Informasjon
event image

Ho er fødd i Sør-Afrika, vaks opp under apartheidsystemet og deltok aktivt i motstandsrørsla der. Studiane førte henne til Storbritannia, der ho tok mastergrad i Fredsstudiar. Ho har doktorgrad i sosiolingvistikk frå universitet i Cape Town. I England møtte ho den norske bonden Peder Nernæs frå Mundheim, og enda opp som kone på garden hans ved Hardangerfjorden. Her bur ho no saman med ektemann og to døtrer.

strandebarm dialekt foredrag nynorsk fosse sør afrika