Høyr vår bølgje slå
«Høyr vår bølgje slå» Kulturkveld i Fossehuset kl 1900
Liv Marit Aksnes framfører Fosse-tekstar knytte til båten, naustet, sjøen og fjella, og ho får tonefølgje av gitarist Steinar Karlsen, som framfører musikkstykke i ulike sjangrar som skaper dialog mellom tekst og tonar.

Liv Marit Aksnes framfører Fosse-tekstar knytte til båten, naustet, sjøen og fjella, og ho får tonefølgje av gitarist Steinar Karlsen, som framfører musikkstykke i ulike sjangrar som skaper dialog mellom tekst og tonar.
Liv Marit Aksnes frå Kvam har arbeidt med litteratur, drama og teatervitskap på Høgskulen på Vestlandet i mange år. I tillegg til jobben sin som førsteamanuensis har ho skrive lærebøker og artiklar og hatt innlegg på nasjonale og internasjonale konferansar. Spesialfeltet hennar innan forsking og undervisning har vore retorikk og tolkande framføring av poesi. Aksnes er sjølv ein høgt skatta opplesar, og ho konsentrerer seg ofte om tekstane til Olav H. Hauge og Jon Fosse. Ho har hatt mange framføringar saman med komponisten Jostein Stalheim og jazzmusikarane Ole Amund Gjersvik, Stein Bakke og Anne Kristine Wallace Turøy.
Gitarist Steinar Karlsen skriv og framfører stemningsfull instrumentalmusikk. Karlsen er ein mangfaldig og ettertrakta musikar. Han har medverka på fleire titals innspelingar med andre artistar og er særleg kjend for sitt gnistrande gitarspel med bluesbandet Good Time Charlie.
Steinar Karlsen (45) bur i Kvam i Hardanger og kjem opphaveleg frå Kinn kommune i Sunnfjord.