page view image

Fosselesing Septologien

Fosse-kveldar i haust.
No vert det Fosse-kveldar igjen. Heilt uforpliktande. Ingen av oss er profesjonelle, men me kan alle lesa og er forvitne på tekstuniverset til Jon Fosse. Me lyttar og les, snakkar og ser på filmsnuttar. Fint om du kjøper billett på førehand slik at me veit kor mange me skal koka kaffi til, men elles kan du berre møta opp.

Informasjon
event image

SEPTOLOGIEN
21. oktober
kl 17 får me besøk av ein som har mykje kunnskap om Jon Fosse og forfattarskapet hans. Jan H. Landro, journalist og litteraturkritikar, skal halda foredraget «Septologien- den store oppsummeringen av et stort forfatterskap».

Etter foredraget får me høve til å stilla spørsmål.
Bill: Kr 200 her eller kort, kontakt, Vipps i døra.
Kaffi og kaker.

Arr: Folkeakademiet Kvam, Kvam Mållag og Fosse-stiftinga

strandebarm fosse jon landro septologien prosa