"Robert Burns på nynorsk" - Duoen Tam Glen
med Annlaug Børsheim og Olav Tveitane
Duoen Tam Glen består av Annlaug Børsheim frå Ulvik (song, fele, gitar) og Olav Tveitane (song, cister, gitar). Dei har laga eit program med songar av Skottlands nasjonalskald Robert Burns, gjendikta på nynorsk av Johannes Gjerdåker frå Voss.
Melodimaterialet er for det meste skotske tonar, ispedd nykomponerte melodiar og instrumentalparti henta frå britisk/irsk tradisjon. Annlaug Børsheim frå Ulvik er ein allsidig utøvar med bakgrunn frå norsk folkemusikk, rock og popmusikk. I tillegg arbeider ho med teaterprosjekt og litteraturformidling. Olav Tveitane frå Bergen er ein veteran i folkemusikken, og han har arbeidt med ulike innan- og utanlandske spelemenn og songarar. Børsheim og Tveitane starta opp duoen Tam Glen i 2010, og dei har sidan ofte vendt tilbake til tekstane til Robert Burns, som Johannes Gjerdåker gjorde tilgjengelege for nordmenn.
Informasjon:
Fossehuset opnar 18:00 for kafe i kjellaren før programstart.
Billettpris 300kr - Billett via Ticketco eller billett løyst i døra.
Støtta av: Vestland fylkeskommune, Kulturrådet, Folkeakademiet og Hardangerrådet.