"Vaim Hotell"
Jon Fosse sin oppfølgar "Vaim Hotell" vert presentert, og samtala om i Fossehuset denne torsdag kveld. Liv Marit Aksnes og Marit Berge inntar salongen i Fossehuset.
VAIM HOTELL:
Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp att. Korleis kan det ha seg at Gjesten blir sett i arbeid og endar opp med å skifta lyspærer på alle romma?
Vaim Hotell er ei underleg og urovekkjande forteljing om Gjesten, Brita, Handelsmannen og Sjømannen.
Dette er den andre av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.
Samtale og utdrag i Fossehuset 17.september.
Marit Berge og Liv Marit Aksnes vil presentere og samtale om boka Vaim Hotell i Fossehuset.
Liv Marit Aksnes er pensjonert amanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har arbeidt mykje med retorikk, drama og litteratur, skrive mange lærebøker i norskfaget og er verdsett som opplesar.
Kafé i kjelleren 1 time før programstart.
Billett 250kr
Arr: Fossestiftinga
Støtta av Hardangerrådet, Kulturrådet, Vestland fylkeskommune og Folkeakademiet Kvam