"Vaim Hotell"

Jon Fosse sin oppfølgar "Vaim Hotell" vert presentert, og samtala om i Fossehuset denne torsdag kveld. Liv Marit Aksnes og Jan Harald Landro inntar salongen i Fossehuset.

page view image
Arrangementsdato

torsdag 17 sep 2026 19:00

Slutter torsdag 17 sep 2026 20:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

Billett
event image

Arrangementsinformasjon

VAIM HOTELL:
Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp att. Korleis kan det ha seg at Gjesten blir sett i arbeid og endar opp med å skifta lyspærer på alle romma?

Vaim Hotell er ei underleg og urovekkjande forteljing om Gjesten, Brita, Handelsmannen og Sjømannen.

Dette er den andre av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.


Samtale og utdrag i Fossehuset 17.september.
Jan Harald Landro og Liv Marit Aksnes vil presentere og samtale om boka Vaim Hotell i Fossehuset.

Jan H. Landro er journalist og forfattar og er fast teatermeldar i Dag og Tid. Han har skrive sakprosabok om romanane til Jon Fosse og er svært oppdatert om norsk samtidslitteratur.  

Liv Marit Aksnes er pensjonert amanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har arbeidt mykje med retorikk, drama og litteratur, skrive mange lærebøker i norskfaget og er verdsett som opplesar.

Kafé i kjelleren 1 time før programstart.
Billett 250kr

Arr: Fossestiftinga

Tags

jonfosse
vaim
vaimhotell
strandebarm
fossehuset
fosse
Organizer
Fossehuset