SØK ETTER ARRANGEMENTER
Komponist og musikar Gabriel Fliflet har sett saman eit spesialprogram for å feira at Fosse fekk Nobelprisen i litteratur 2023, og den kjende musikaren har med seg gode utøvarar når han kjem til Fosse-huset skjærtorsdag.
I konserten Fossedur får me høyra nye tolkingar av songar laga av Fosse og Fliflet i tingingsverket Åresong.
Desse musikarane står på scena: Annlaug Børsheim (feler, song), Gabriel Fliflet (trekkspel, song), Jørgen Sandvik (gitar) og Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass).
«Kjærleiken er»
- Konsert
Klaus Vatne framfører eigne tonesetjingar av tekstar frå diktsamlinga «Songar» av Jon Fosse. Med seg på scena har han gitaristen Viggo Krüger.
Melodiane hans fell inn under ulike sjangrar, slik som vise, pop, country og rock, og dei når eit breitt publikum.
Viggo Krüger, musikar og musikkterapeut frå Bergen. Han er mest kjend som gitarist i bandet Pogo Pops frå perioden 1987 til 1996.