page view image

Å gjera draum til liv

Forestillinga «Å gjera draum til liv» handlar om lyrikaren Olav H. Hauge frå Ulvik i Hardanger. Forestillinga byggjer på Hauge sine dagbøker.
Hauge strevde eit heilt liv med si psykiske helse, og var innlagt på Valen psykiatriske sjukehus seks gonger. Han var sterkt kritisk til behandlingsmåten mange pasientar vart utsett for, og var sjølv evig takknemleg for at han fekk «dikta og drøyma utan å verta kurert».

Med Nils Erik Kvamme (journalist/skodespelar) og Knut Hamre (meisterspelemann)

Information
event image

Forestillinga «Å gjera draum til liv» handlar om lyrikaren Olav H. Hauge frå Ulvik i Hardanger. Forestillinga byggjer på Hauge sine dagbøker. Hauge strevde eit heilt liv med si psykiske helse, og var innlagt på Valen psykiatriske sjukehus seks gonger. Han var sterkt kritisk til behandlingsmåten mange pasientar vart utsett for, og var sjølv evig takknemleg for at han fekk «dikta og drøyma utan å verta kurert».
Hauge er ein av landets mest leste og omtykte lyrikarar, og vart etter kvart også ein inspirator og litterær gudfar for ein heil generasjon. Som godt vaksen får han også oppleva den store kjærleiken. Ekteskapet med Bodil Cappelen var det største som hadde hendt han i livet, seier han. Forestillingen tek for seg både kriser og oppturar i livet hans, og presenterer både kjente og mindre kjente dikt.
Det er journalist og frilansskodespelar Nils Erik Kvamme som står for dei teatralske innslaga, medan meisterspelemann Knut Hamre, som var ein gode venn av Olav H. Hauge, lagar dei musikalske stemningane.

strandebarm fosse hauge hamre kvamme fele dikt poesi musikk draum