page view image

Konsert og dans

Konsert med Gjertruds Sigøynerorkester og Helge Jordal.
Songgruppa Sonár vert og med.
Dans etter konserten Gjertruds sigøynerorkester spelar.

Information
event image

Konsertførestilling
med Gjertruds Sigøynerorkester og Helge Jordal.
Dette vert ei forrykande førestilling med dikt, forteljingar, songar og musikk frå sigøynar- og taterkulturen. Helge Jordal er ein av dei mest kjende og folkekjære skodespelarane på Vestlandet, og han har hatt store roller både i norsk film og på teaterscena. I tillegg er han ein skatta opplesar. Jordal har samarbeidt med Gjertruds sigøynerorkester i mange år.

Songarar frå Sonár samarbeider med Sigøynerorkesteret på dette programmet.

Dans
Etter konserten vert det dans. Gjertruds Sigøynerorkester spelar.


strandebarm dialekt festival dans konsert jordal sigøyner gjertruds hardanger