Hilfe
© TicketCo AS 2025.
Rechtliche Begriffe für Ticketkäufer.
Rechtliche Begriffe für Veranstalter.
Publikum vert tekne med på ein båttur på Hardangerfjorden om bord på litteraturbåten «Epos». Turen startar og endra opp i heimbygda til Jon Fosse i Strandebarm. Om bord ventar skodespelar Anderz Eide, som har lang røynsle med å lesa opp Fosse-tekstar. Han har mellom anna trekt fulle hus med opplesing av romanen «Morgon og kveld», eit program som varer fleire timar.
Denne maidagen vil Eide lesa utdrag frå ulike Fosse-tekstar, både kortprosa og romanar. Mellom leseøktene vert det høve til å kjøpa seg mat og drikke om bord. Viss vêret er dårleg, vert arrangementet gjennomført medan båten ligg til kai.