Tru, undring og mystikk

Tru, undring og mystikk i tekstar av Jon Fosse Foredrag, samtale og musikkinnslag
 Jon Fosse avslutta Nobel-foredraget sitt med å takka Gud, og både form og innhald i mange av bøkene hans avspeglar ei forankring i den kristne, mystiske tradisjonen. Dr. theolog Rolv Nøtvik Jakobsen vil i foredraget sitt visa likskapstrekk mellom Fosse sin skrivestil og det vi finn i bibelske tekstar. Professor Christine Hamm, ser på språket til Fosse opp mot ei gudstru. Samtale etterpå. Song og musikk.

page view image
event date

Freitag 10 Mai 2024 18:00

Endet Freitag 10 Mai 2024 20:00
Der Kalendereintrag passt sich Ihrer lokalen Zeitzone an
bestellen

Available items

ticket item
Vaksen
Programmet er todelt. Først har kvar foredragshaldar ein halvtime. Prest Roar Strømme leiar ein samtale mellom foredragshaldarane. Dr. theolog Rolv Nøtvik Jakobsen vil i foredraget sitt mellom anna visa likskapstrekk mellom Fosse sin skrivestil og det vi finn i bibelske tekstar. Professor Christine Hamm, ser på samanhengen mellom det kvardagslege språket og den metafysiske dimensjonen og i kva grad språket uttrykker gudstru. 
Songar Olav S. Lid og organist Sevinj A. Øvrehus syng og spelar.
event image

Event-Informationen

Jon Fosse avslutta Nobel-foredraget sitt med å takka Gud, og både form og innhald i mange av bøkene hans avspeglar ei forankring i den kristne, mystiske tradisjonen. Denne dimensjonen ved tekstuniverset hans er tema for programmet «Tru, undring og mystikk i tekstar av Jon Fosse».

Dr. theolog og  prest Rolv Nøtvik Jakobsen vil i foredraget sitt mellom anna visa likskapstrekk mellom Fosse sin skrivestil og det vi finn i bibelske tekstar og bøn, liturgiske tekstar og salmar. 

Rolf N Jakobsen

Professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, Christine Hamm, vil mellom anna ta for seg samanhengen og kontrasten mellom det kvardagslege språket og den metafysiske dimensjonen i tekstar av Fosse og drøfta i kva grad språket gjev uttrykk for ei gudstru.

Christine Hamm. Foto: Jeremias Leppänen

Programmet er todelt. Først har kvar foredragshaldar ein halvtime til rådvelde. Deretter vert det ein liten pause før prest Roar Petter Strømme leiar ein samtale mellom foredragshaldarane. Publikum får òg høve til å stilla spørsmål.

Songar og dirigent Olav Skeie Lid og organist Sevinj Asgarova Øvrehus vil bidra med musikkinnslag og leia allsongen.

Tags

strandebarm
tro
tru
fosse
mystikk
hamm
jakobsen
song
musikk
gud
Veranstalter
Fossehuset