SØK ETTER ARRANGEMENTER

Fossedur. Konsert til ære for Jon Fosse.

Komponist og musikar Gabriel Fliflet har sett saman eit spesialprogram for å feira at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur 2023, og den kjende musikaren har med seg gode utøvarar når han kjem til Fosse-huset skjærtorsdag. 

I konserten Fossedur får me høyra nye tolkingar av tekstar frå diktsamlinga Songar.
Desse musikarane står på scena: Annlaug Børsheim (feler, gitar, song), Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song), Jørgen Sandvik (gitar, song) og Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass).

09.05.2024 20:00 @ Fosse i Strandebarm
Tru, undring og mystikk

Tru, undring og mystikk i tekstar av Jon Fosse
Foredrag, samtale og musikkinnslag

Jon Fosse avslutta Nobel-foredraget sitt med å takka Gud, og både form og innhald i mange av bøkene hans avspeglar ei forankring i den kristne, mystiske tradisjonen.
Dr. theolog Rolv Nøtvik Jakobsen vil i foredraget sitt visa likskapstrekk mellom Fosse sin skrivestil og det vi finn i bibelske tekstar.
Professor Christine Hamm, ser på språket til Fosse opp mot ei gudstru.
Samtale etterpå. Song og musikk.

10.05.2024 18:00 @ Fosse i Strandebarm
Kjærleiken er

«Kjærleiken er»
 - Konsert
Klaus Vatne framfører eigne tonesetjingar av tekstar frå diktsamlinga «Songar» av Jon Fosse. Med seg på scena har han gitaristen Viggo Krüger.
Melodiane hans fell inn under ulike sjangrar, slik som vise, pop, country og rock, og dei når eit breitt publikum.

Victor Krüger, musikar og musikkterapeut frå Bergen. Han er mest kjend som gitarist i bandet Pogo Pops frå perioden 1987 til 1996.

10.05.2024 21:00 @ Fosse i Strandebarm
page view image
logo

Fossehuset

Finner du ikke billetten din?
Innløs reservasjoner
Addresse
Fossehuset
Strandebarmsvegen 153
Strandebarm